torsdag 27. januar 2011

Dagens Outfit!

Då var det på tide med eit nytt innlegg til ære for mine tre følgarar. Eg har undersøkt litt sidan sist og ser det er ein klar trend på kva innlegg folk har på bloggane sine: dagens outfit! Dette er nok fordi dette er spanade for dei som les bloggen for å sjå kva som er trendy no og ikkje minst for å få nokre tips for å forbetre sin eigen klesstil. Som den motebevisste og trendsettande personen eg er så ser eg på det som mi plikt å dele min påklednad.

Det har vorte noko søking etter bilde av dei tinga eg har på meg, men det skulle vise seg å ikkje være so lett å finne sidan eg tydlegvis ligg eit skritt framom det dei fleste motebutikkane sel no. Om eit halvår hadde det nok vorte mykje lettare då desse plagga har kome her til lands :) 50% av det eg har på meg er trossalt bestilt frå det O'store utland!

Her kjem det då fri ytterst til innerst ;)

Jakke:
Dette er då mi kjære Missing Link Fleecejakke med windstopper som eg har hatt nokre år. Denne varmar godt no i desse vintertider! :)
Kjøpt på Sport1 i Volda









Hettejakke:
Dette er då ei Ames Bros: Last Wave Hoodie som eg likar veldig godt!
Kjøpt i det O'store utland








Bukse:
M.O.D. Miracle Of Denim Joshua
 Kjøpt på Berre kara på Ørsta Torg




                                                     
T-skjorte:
Her fann eg ikkje akkurat den eg har på meg, men får ta den andre favoritten min ;)
Ames Bros: Uh Oh Har den i svart, men fann berre sjokolade.
Kjøpt igjen i utlandet.





Bokser:
Björn Borg Pink
Kjøpt i Oslo en plass






Lesta:
Helly Hansen skisokk
Kjøpt på random sportsbutikk







Belte:
Snickers Workwear
Stjelt på ein eller annan jobb eg har hatt :)


Sko:
  K-Swiss Newport. Samme som på bilde, men med kvite striper.
Kjøpt på Sport1 Volda


Klokke:
Swiss Military.
Kjøpt i Sveits sjølvsagt! :)






Dette er då det eg har på meg i dag. Håpar du har fått nokre tips. Er det noko du lurar på er det berre å ta kontakt so skal eg svare så godt eg kan! Om nokre av produsentane les dette og får lysst å sponse meg er det berre å ta kontakt so skal vi nok bli einige!

Eg heiter Sindre og eg likar å blogge!

Bloggemannen <3

1 kommentar: