mandag 6. desember 2010

Maskinvare

Tenkte eg skulle gå gjennom litt kva du treng for å lage deg ei maskin.

Kabinett:
Du treng eit kabinett til å montere alle delane du kjøper til ei datamaskin. Dette får du i mange forskjellige størrelsar og design. Alt frå billige til 300 kroner til ekstremversjonar til fleire tusen. Eit normalt kabinett kostar rundt 1000 kroner med straumforsyning.

Straumforsyning:
Dette er det neste du treng. Denne skal forsyne datamaskinen med straum og det er viktig å velje ei som leverer nok effekt. Det tryggaste er å legge seg på ei som leverer rundt 6-700 watt for å kunne bruke den vidare i framtida. Prisen på ei slik er rundt 700 kroner.

Hovudkort:
So treng du eit hovudkort. Dette er sjølve monteringsplattformen til dei indre delane til ei maskin. Her er det viktig å passe på kva prosessortype du skal ha, kva minne du skal ha, og kva type maskin du skal bygge. Skal du ha ein kontorPC kan du velje å ta eit hovudkort med innebygd skjermkort for eksempel, men om den skal brukast til heftig speling må du nesten velje eit utan skjermkort for å kjøpe eit betre laust. Pris rundt 1300 for eit ok kort.

Prosessor:
Dette er sjølve hjerna på maskina. Denne bestemmer hastigheita på systemet i lag med minnet. Her brukar eg å velje den som er tredje dyrast på nettbutikkane for då får du den beste sammenhengen mellom pris og ytelse. Pris er rundt 1500 for ein normal.

Minne:
Her er den andre delen som i hovudsak bestemmer ytelsen på maskina. Det er viktig å ikkje velje for lite minne då maskina vil virke sløv og treig. Eg ville gått for rundt 4 gb minne som er tilstrekkeleg for folk flest. Dette kjem på rundt 1000.

Harddisk:
Her er delen du lagrar bileta og programma dine. Dette har vorte svært billeg i det siste med store størrelsar og det som er ein typisk disk er 1 TB som kostar om lag 500 kroner. Her er det viktig å velje rett størrelse (3,5” for standard maskiner) med S-ATA tilkopling.

Skjermkort:
Her er det veldig individuelt kor mykje kapasitet ein treng. Dette er det som bestemmer kor bra spel vil vise på maskinen. Blir maskinen brukt til mykje nye krevande spel er det lurt å invistere i eit kraftig skjermkort for å få best mogeleg opplevelse. Eit middels skjermkort kostar 1500 kroner.

 DVD-brennar:
Her er det veldig enkelt å velje å det er berre å ta ein standard DVD-brennar til 300 kroner som gjer nytta for alle.

Skjerm:
Her er det igjen smak og behag. Vil ein ha stor eller liten skjerm? Eg meiner det beste alternativet er 22-24 tommar som kostar rundt 1500 kroner.

Tastatur og mus:
Igjen smak og behag. Du kan kjøpe ei mus til 1000 kroner eller du kan få ein komplett pakke til 500. Det er eigentleg berre eigne preferansar som avgjer kva som er best for deg. Det kan være lurt å kjøpe ei mus som fungerer på vanskelege underlag.