lørdag 22. januar 2011

Eitt lite steg for menneskeheita, men eitt stort steg for meg!

Eg heiter Sindre og eg likar å blogge!

Då er eg tilbake etter eit massivt press frå mine lesarar. Eg hadde nokre runder med meg sjøl før eg starta denne bloggen og gjekk gjennom dei mulige scenarioa som kunne oppstå som konsekvens av bloggen. At den blei MEGApopulær var det første eg var innom då eg såg dette som det mest sannsynlige.

Eg jobba mykje med meg sjølv å tenkte på kor det kom til å påvirke livet mitt:
- hadde eg tid til dette?
- var livet som bloggkjendis det eg ønska?
- ville eg orke alle dei positive kommentarane eg nok kom til å få?
- ville eg klare å begrense meg så eg ikkje skreiv for masse?

Desse, og mange andre, spørsmåla har vorte grundig vurdert og eg har kome fram til at ja, eg er ein sterk person og litt meir forguding kan eg alltids tole! Likar folk meg so godt skulle det berre mangle at dei hadde eit fora der dei kunne samlast å ha eit felleskap der dei kan skrive positive ting om meg og få lese om tankane til denne kjekke og sjarmerande karen.

Som de nok forstår ut av dette innlegge så gjer eg det ikke så mykje for min eigen del, men for nettopp DEG! Det ville rett og slett vore for gale å holde inne alt eg sit på som eg veit de vil ha glede av! Det er eit stort steg for meg for dette betyr at eg går inn i den frivillege delen av blogginga og eg håpar de set pris på det! :)

Kva skal eg blogge om?
Eg har tatt meg tid til eit lite studie i bloggar dei siste vekene for å finne ut kva eg skal gjere, og kva eg ikkje skal gjere. Konklusjonen min er t det er mykje dårlege bloggar ute å går! Somme har ikkje anna å blogge om enn at dei ikkje har noko å blogge om. Kva er poenget med dette? Viss du ikkje har noko å blogge om så ikkje blogg då! Andre gongar bloggar dei om kor teite innlegg andre har på bloggen sin som "dagens outfit" og slike ting. Kvifor? Ein blogg er der for at du skal få skrive om det DU vil, og ikkje det andre meiner du burde skrive om! Ikkje alle kan skrive like fengande innlegg som meg kvar gong, men eg synes det er koseleg med personlige bloggar der dei skriv om ting dei har opplevd i løpet av dagen. Eg veit eg har lesarar, lesar som har slike, slik blogg og eg synes det er kjekt å følge med!

Så kva er det eg skal blogge om?
Det blir mine tankar og følelsar om alt og alle. Det kan somme dagar være ein "sinnablogg" slik som ho tutta frå Molde har, medan andre dagar er det ein "rosablogg" slik som Voe hadde (R.I.P). Noko eg skal prøve å halde meg for god til er å rakke ned på kva andre bloggara om (anna enn det lisje avsnittet eg hadde i dag).

Eg håpar med dette at alle mine mange følgarar er glade no og eg kan avsløre at mitt neste innlegg er godt inne i planlegginga allereie! Eit lite hint om innhaldet er at det dreiar seg om min særs gode motesans og får å få rulla igang reklameinntektene blir det nok eit "rosa" innlegg ;)

Til slutt vel eg seie at målet er Nobels bloggepris så om du finn feil eller manglar så skrik ut! Her er lest korrektur både sju og åtte gongar så eg tvilar på du finn noko, men om det skulle verte krøll når innlegget blir lagt ut...

Håpar dei kvinnelege lesarane set pris på "augegodte" eg har lagt ut som media i dag!

<3 Bloggemannen ;)

7 kommentarer:

  1. Haha..knall bra :) ser fram te neste innlegg allerede :)

    SvarSlett
  2. Iiiiiiiiiiiiiiingen som he kommentert bilda?! Sukk :(

    SvarSlett
  3. Vakje noke behagelig syn akkurat..

    SvarSlett
  4. Veronika: meget! :-)
    Anita ikkje takk og takk!

    SvarSlett